Frå historie til framtid
Eit orangeri. Ein konge.
Og ein ganske vill idé.
Ein stad i Sverige står eit orangeri som har tilhøyrt den svenske kongen. Og no har vi fått moglegheita til å gi det eit nytt liv på Gordon Hotel på Reed. Det høyrest kanskje litt usannsynleg ut. Det synest vi òg.
Men Gordon har aldri vore berre eit hotell. I snart 200 år har menneske kome hit, reist vidare, møtt kvarandre, feira, arbeidd, budd og skapt historier. No prøver vi å ta vare på det som allereie finst – samtidig som vi vågar å skape noko nytt.
Orangeriet kan bli nettopp det.
Eit nytt samlingspunkt i den gamle hagen. Ein stad for lange bord og gode måltid. For bryllaup, konsertar, selskap, kultur, forteljingar og menneske som finn vegen til ein liten plass ved Breimsvatnet.
Men først må vi få det hit.
Å kjøpe, demontere, frakte og bygge opp eit heilt orangeri frå Sverige er ikkje eit lite prosjekt. Totalkostnaden blir på over éin million kroner, og derfor har vi starta ei Spleis med eit mål på 1 000 000 kroner. Resten har Ruben teke ansvar for å få på plass sjølv.
Det er mykje pengar. Det er mykje arbeid.
Og det er på ingen måte sikkert at vi får det til.
Men dersom vi gjer det, handlar dette om meir enn å flytte ein bygning frå Sverige til Reed. Det handlar om å skape noko som kan stå her lenge etter oss.
Og kanskje kan historia ein dag bli: Orangeriet kom ikkje til Gordon fordi ein konge bestemte det.
Det kom hit fordi folket ville det.