Nordfjord – sidan 1884

Velkomen heim
til Gordon

Eit historisk boutiquehotell i hjartet av Breim.

Gordon trong ikkje ein ny eigar.

Hotellet trong nokon som ikkje gav opp.

Den personen skulle vise seg å vere 25 år gamle Ruben.

“Kvar planke vi reddar,
er eit lite ja til historia.”

Lenge før Ruben kom, var Gordon her.

Hotellet har sett bygda forandre seg. Det har teke imot reisande, samla menneske rundt borda og vore bakgrunn for små og store augeblikk sidan 1888. Nokon hugsar eit bryllup. Andre ei minnestond.

Det er slik eit hus blir ein del av ein stad.

Då Ruben tok over, tok han derfor ikkje berre ansvar for eit hotell.

Han tok ansvar for at historia fekk halde fram.

Men historia var nær ved å stoppe her.

Bak den vakre fasaden venta ei heilt anna verkelegheit.

Arbeid under det gamle taket på Gordon Hotel
Gamle materialar og konstruksjonar under restaureringa

Tak som måtte reddast. Røyr som måtte skiftast. Rom som hadde stått stille altfor lenge. Og kvar gong eitt problem var løyst, såg det ut til at eit nytt venta bak neste dør.

Ruben hadde ikkje ein stor stab eller ei ferdig oppskrift.
Han hadde familien. Bygda. To hender.

Og ein ganske sta idé om at Gordon framleis hadde noko her å gjere.

Arbeid på eit av romma

Rom for rom. Planke for planke.
Gordon er framleis undervegs.

Bak nokre dører står rom ferdige igjen. Bak andre ventar framleis gamle veggar, skeive golv og arbeid som må gjerast.

Slik får Gordon sakte tilbake glansen sin. Ikkje ved å gjere hotellet til noko nytt, men ved å ta vare på det som alltid har vore her, og gi det den verdigheita det fortener.

Rom for rom. Planke for planke.
År med historie får leve vidare.

Restaurering ved eit av vindauga

Og for kvar dør som opnar igjen, byrjar eit nytt kapittel.

«Vi restaurerer ikkje Gordon for å gå tilbake i tid. Vi gjer det for at historia skal få ei framtid.»

For Gordon er ikkje ferdig.

Og kanskje er det nettopp no
det er verdt å oppleve

Vi har ikkje hastverk med å bli ferdige. Det viktigaste er at det vi byggjer, blir gjort med omtanke og med respekt for alt som var her før oss.

Historia er framleis ikkje ferdigskriven.

Vi håpar du kjem hit som gjest.

Finn ditt rom på Gordon

Kanskje reiser du heim som ein ven.

«Ingen av romma er heilt like. Det var dei aldri meint å vere».

Det grøne rommet

Ei romsleg suite i djupe grøntonar, med gamle møblar og plass til å bli verande.

Det brune rommet

Ei lun og romsleg suite, fylt av varme tonar, historie og den gode kjensla av eit gamalt hus.

Det beige rommet

Lyst, mjukt og roleg – eit rom der morgonen gjerne får vare litt lenger.

Det blå rommet

Djupe blåtonar, gamle detaljar og ei stille kjensle av å trekkje seg tilbake frå verda.

Det gule rommet

Eit varmt rom med gamle detaljar, mjuke tekstilar og kveldssola inn gjennom vindauga.

Det rosa rommet

Mjuke fargar, romantiske detaljar og eit rom med akkurat passe mykje gammaldags sjarm.