Suiter & Rom

Velkomen heim til rommet ditt.

På Gordon Hotel finn du ikkje ei lang hotellkorridor med like rom. Du finn små heimar, der kvart rom har si eiga historie, sitt eige uttrykk og si eiga stemning.

Gordon Hotel og tunet rundt hotellet

Overnatting

To hus. Tretten unike rom.

Hotellet består av to bygg. I det historiske hovudhuset og det nyrestaurerte Johnsenhuset finn du til saman 13 rom.

01

Hovudhuset

I det historiske hovudhuset finn du sju gjesterom, Kaffistova, Matstova, Eldstova og Poststova – rom som gjennom generasjonar har vore ein naturleg del av livet på Gordon. Rom 9 og 10 opnar i august 2026. Dei siste fem romma skal vere klare utover hausten og vinteren, og alt skal vere klart til den store opninga våren 2027.

02

Johnsenhuset

Rett ved sidan av ligg Johnsenhuset med seks nyrestaurerte dobbeltrom. Her har kvart rom fått namn etter fargen som pregar det. Du kan overnatte i Det Blå Rommet, Det Beige Rommet, Det Gule Rommet eller Det Rosa Rommet, eller velje litt ekstra plass i Den Grøne Suiten eller Den Brune Suiten.

03

Alle dei 13 romma

Alle dei 13 romma har eige bad og er innreidde med respekt for historia, samstundes som dei gir den komforten du forventar i dag. Sengene er reidde opp med dyner og puter frå Norsk Dun, fylte med resirkulert kvalitetsdun som gir både god søvn og eit berekraftig val.

Rommet ditt

Ingen rom er like. Det er heilt med vilje.

Vi ønskjer at du skal finne det rommet som kjennest rett for deg – og kanskje ønskje å prøve eit nytt neste gong du kjem på besøk.

Velkomen heim til ditt rom.

Parkering

Gratis parkering ved hotellet. Nærmaste hurtiglading er på Byrkjelo.

Aldersgrense

Vi tek imot gjester frå 12 år.

Kjæledyrfritt

Hotellet er hunde- og kjæledyrfritt innandørs av omsyn til allergiar og ro.