Matstova
Måltid, sesongar og samvær rundt bordet.
Stovene
På Gordon Hotel handlar opplevinga om meir enn romma. Kaffistova, Matstova, Eldstova og Poststova er huset sine fellesrom – stader for gode måltid, lange samtalar, rolege stunder og nye historier.

Stovene
På Gordon er stovene meir enn rom. Dei er møteplassar, kvilestader og naturlege samlingspunkt gjennom dagen. Kvar stove har si eiga historie og si eiga stemning, men alle er skapte for det same – å gi deg tid til å vere til stades.
Måltid, sesongar og samvær rundt bordet.
Kaffi, bakst og rolege stunder gjennom dagen.
Eld, bøker og samtalar utan hastverk.
Tankar, arbeid og mindre møte i rolege omgjevnader.

Matstova
Matstova er hjartet i Gordon Hotel. Her samlast gjestene rundt bordet til gode måltid, rolege samtalar og smaken av sesongen.
Vi trur ikkje på lange menyar. Vi trur på gode råvarer, enkle rettar og mat laga frå botnen av. Gjennom året let vi naturen rundt oss bestemme mykje av det som kjem på tallerkenen. Råvarer frå fjellet, Breimsvatnet, gardane og hagane i området gir menyen retning og karakter, og difor vil innhaldet variere gjennom sesongane.
Kvar kveld serverer vi dagens kveldsmat klokka 19.00 for hotellet sine gjester. Menyen blir til ut frå råvarene som er på sitt beste akkurat då, og kan variere både i innhald og tal rettar gjennom veka og året.
Om morgonen dekkjer vi opp til frukost med gode lokale smakar og ei roleg stund før dagen tek til. Skal du på tur i fjellet, kan du smøre med deg matpakke frå frukostbordet. Vi fyller også gjerne termosen med kaffi eller te før avreise.
Gjennom dagen kan du òg finne enkle lunsjrettar og noko godt å drikke.
Matstova er ikkje ein restaurant med kvite dukar og høge skuldra. Ho er eit rom der du kan lene deg tilbake, nyte eit godt måltid og kjenne at du har god tid.
Velkomen til bords.
Kvar kveld serverer vi dagens kveldsmat klokka 19.00 for hotellet sine gjester. Menyen blir til ut frå råvarene som er på sitt beste akkurat då, og kan variere både i innhald og tal rettar gjennom veka og året.
Om morgonen dekkjer vi opp til frukost med gode lokale smakar og ei roleg stund før dagen tek til. Skal du på tur i fjellet, kan du smøre med deg matpakke frå frukostbordet. Vi fyller også gjerne termosen med kaffi eller te før avreise.
Gjennom dagen kan du òg finne enkle lunsjrettar og noko godt å drikke.

Kaffistova
Kaffistova er døra inn til Gordon Hotel. Her er du velkomen enten du bur på hotellet, er på gjennomreise eller berre har lyst på ei roleg stund.
Vi serverer kaffi, te, heimelaga bakst, enkle lunsjrettar og smårettar gjennom dagen. Finn deg ein plass ved vindauget, slå av ein prat eller berre nyt stillheita.
Det treng ikkje vere ei anledning for å stikke innom Gordon. Nokre gonger er ein god kaffikopp grunn nok.
Velkomen heim.

Eldstova
Eldstova er kanskje det rolegaste rommet i huset. Her knitrar elden i peisen når årstidene krev det, stolane er mjuke og tida går litt seinare.
Dette er rommet for dei lange samtalane, den gode boka eller eit glas etter ein dag ute i naturen. Nokre finn ro i stillheita, andre finn nye historier rundt peisen.
Du treng ikkje gjere noko her.
Det held å vere.
Velkomen heim.

Poststova
Poststova er huset sitt bibliotek og møterom. Her finn du bøker, lokalhistorie og eit roleg arbeidsbord dersom du treng litt konsentrasjon.
Rommet kan òg nyttast til mindre møte, styresamlingar eller gode samtalar. Vi ønskjer at Poststova skal vere ein stad der tankar får tid til å utvikle seg.
Velkomen heim.
Stovene
Uansett kvar i huset du finn deg til rette, håpar vi du kjenner det same – at du har kome til ein stad der det er godt å vere.