Vertskapet

Velkomen heim til vertskapet

På Gordon Hotel er det menneska som skaper huset. Vertskapet vårt, Sandra og Patrick, kjem frå Utrecht i Nederland. Etter fire år som drivarar av Vaffleriet på Sandane tek dei no med seg erfaringa, kreativiteten og den varme gjestfridomen vidare til Gordon.

"På Gordon er moglegheitene grenselause."

Gordon Hotel på Reed

Menneska i huset

Sandra og Patrick

For dei handlar ikkje godt vertskap om perfeksjon. Det handlar om å sjå menneska som kjem inn døra. Om å skape eit hus der skuldrene senkar seg, der det er tid til ein prat, der latteren sit laust og der alle kjenner seg velkomne.

"Det viktigaste er at vi får vere kreative.”

Kreativitet er ein viktig del av kvardagen deira. Ho finn du att i maten som blir servert, i blomane på bordet, i kjøkkenhagen, i kunsten på veggane og i dei små detaljane rundt om i huset. Gordon skal vere ein levande stad som endrar seg med årstidene og med menneska som bur her.

Då Ruben inviterte Sandra og Patrick med på reisa, såg dei ikkje berre eit hotell. Dei såg eit eventyr.

Dei kjende att motet til ein ung gründer som våga å satse på draumen sin, og dei kjende att eventyrlysta frå sine eigne liv. Difor sa dei ja.

No gler dei seg til å ønskje deg velkomen heim. Kanskje kjem du hit som gjest. Vi håpar du reiser herifrå som ein ven av huset.

Gordon sine verdiar

Ro – omtanke – kreativitet

Det er slik vi ynskjer at Gordon Hotel skal kjennast.

Gordon-prinsippa

01 Vi skundar oss ikkje

02 Vi ser menneska før bestillinga

03 Vi reparerer før vi erstattar

04 Vi brukar alle sansane

05 Vi lagar ikkje perfekte opplevingar. Vi lagar ekte opplevingar

06 Vi ynskjer heller at du kjem tilbake enn at du vert imponert.

Kjære gjest

Du har reist langt for å kome hit. Kanskje frå nabobygda eller kanskje frå den andre sida av verda. Uansett kor du kjem frå, håpar vi at du kjenner det same når du går inn døra. At du ikkje lenger treng å skunde deg. Huset ventar på deg. Peisen er varm og kaffien er snart klar og rommet ditt står ope. Og vi er glade for at akkurat du fann vegen hit. Velkomen heim. Vi har venta på deg.